Stengte dører i NorgeIDAG

Dette er lesarinnlegget som NorgeIDAG ikkje ville publisere.

Rodney Stark og dei nye reformatorane

Når redaktør Finn Jarle Sæle brukar Rodney Stark som eit vitne om korrekt sogeframstilling, hoppar han ikkje berre bukk over reformasjonen sin lærdom. Sæle brukar ein ikkje-kristen akademikar som sanningsvitne for kristendomen si soge.

I boka ” A theory of religion” i 1987, skriv Stark at han ikkje er ein kristen. 22.juli 2004 seier Stark til det katolske tidsskriftet ” The National Institute for the Renewal of the Priesthood” at han ikkje er ein truande, men heller ikkje ein ateist. I ein artikkel i det Italienske tidsskriftet Censur 25. Desember 2007, stadfestar Stark at han er agnostikar. Det er ein person som trur at det finnes ei styrande kraft, men at ingen kan vite heilt sikkert kva denne krafta er.

Så til Stark sitt syn på soga om kristendomen:

Var mellomalderen “mørk”, eller ei innovativ tid for kristendomen i Europa?

Det Romersk katolske religiøse einevelde i mellomalderen er årsaka til reformasjonen. Den som ikkje skjønar dette, vil ende opp med å støtte ei religiøs rørsle som meiner det er naudsynt å drepe for Gud. Slik Stark konkluderer I boka ”God’s Battalions: The Case for the Crusades” publisert i 2009. Inkvisisjonar er ein del av det kristne opplæringssystem, og kolonitida eit døme på Europa sin rett til å påtvinge andre kulturar si kristendomsforståing. Det er fyrstar og kardinalar sitt lodd i livet å konvertere menneske ved bruk av makt. Dette er Roma og Vatikanet sitt sogesyn.

Rodney Stark sltt nyreformatoriske sogesyn ser ut til å ha blitt ein del av NorgeIDAG si redaksjonelle linje. Dette er ei alvorleg avsporing for ei kristen avis. Stark si framstilling av soga om Jesus-vitnene er ein historisk bløff. Det han skriv om kristendommen har svært lite med sanninga å gjere. Stark er ein akademikar som baserer sin vitskap på religiøs filosofi, og religionsvesenet si framstiling av soge og tru.

Av IVAR FJELD

Goa, 
20.11.15.

(slutt).

Kva ligg bak redaktøren sin nekt av å trykke dette lesarbrevet?

Stark
Finn Jarle Sœle deler agnostikaren Rodney Stark sitt syn på soga om Kristendomen.

I to år har underteikna vore fast skribent i avisa. I løpet av november gjorde Redaktør Finn Jarle Sœle seg incomunicado. Det var ikkje lenger mogeleg å å svar på enkle spørsmål og henvendingar.  Å stille spørsmålsteik ved Rodney Stark sitt sogesyn var ikkje akseptabelt for Sœle.

Det har det siste året vore uro omkring avisa sitt syn på Romersk katolisisme. Assisterande Redaktør Bjarte Yestebø har over lengre tid takka nei til underteikna sine forslag til artiklar om den katolske kyrkja. Eit av fleire døme:  Yestbø ville ikkje ha ei sak om medlemsrotet i den Katolske kyrkja i Oslo, der 50 millionar skattekroner vart underslått av biskop Bernt Eidsvig. Ingen andre fekk i oppdrag å dekke saka.

Yestebø og familien Apelthun Sœle har lest om katolske tilbeding av bein, lik og hovudskallar i den Romerske Katolske kyrkja. Likefult, valde assisterande redaktør Bjarte Yestebø å tildele Kåre Kristiansen sin minnepris til Ulf Ekman under Oslo Symposium.

Konklusjonen må bli: Den som ikkje vil stå på Gud sitt ord, men av ulike grunnar inngår kompromiss og tar parti med det religiøse Roma, vil før eller seinare bli ein klamp om foten på evangeliske kristne.

Eg kan ikkje lenger stå inne for det som kjem på trykk i NorgeIDAG.  Eg kan ikkje lenger forsvare den redaksjonelle linja. Må Jesus Messias sjå i nåde til både undereikna, Bjarte Ystebø, Finn Jarle og Anita Apelthun Sœle. Amen.

Skriven av Ivar

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s