Forskrudde gudstankar om Utøya og 22-juli

Somme hevdar at Anders Berhring Breivik sitt massedrap på Utøya var ein straff frå Gud. Også folk som kallar seg kristne.

Denne boka er bygd på eit gudebilete som ikkje skil seg nevneverdig ut frå gudebilete til Anders Brehring Breivik.
Denne boka er bygd på eit liknande gudebilete til massemordaren på Utøya.

Boka  22.juli profetien har skapt debatt og svœrt sterke reaksjonar. Det er bra. Eg har høyrd kristne hevde: “Sidan Gud ikkje stogga Behring Breivik, må dette sjåast på som ein straff frå Gud mot AP og AUF”.   

Når ein ber fram slike tankar som sanning så gjer ein Satan til herre. Dreg ein slike religiøse vilfaringar ut til ein logiske konsekvens, vil ein måtte œre Gud for at Hitler fekk ture fram i Europa. Det blir som å hevde at Gud brukte Hitler til å straffe 60 millionar menneske.

Mange Fascistar vil støtte seg på slike synspunkt. A leite etter nummer, som talet 77, for å bevise at Gud hadde ei hand på pistolane til Breivik, passar godt inn i Breiviks Fascistisk inspirerte religiøse ideologi. Då klokka slo 78 var gudstenesta over.

Dersom ein bruker slike religiøse tankar på å forklare dødsfall i trafikken, kjem galskapen tydeleg fram. Argumentet om at Gud kunne ha stogga lastebilen som køyrde inn i barnehagen, er i utgangspunktet korrekt. Gud kunne. Men Gud gav menneske domene og autoritet over skaparverket. Difor har Menneske åleine ansvaret for handlingane sine. Både drap og ymse anna.  Det skulle gjort seg at nokon stod i Gulating Lagmannsrett og krov å bli frifunnen for drap, sidan “gud ikkje stogga meg”.

Gud både kan og har gripe inn i soga. Men Han treng ikkje gripe inn. Og Han har slett ikkje ansvaret for at menneske vel det vonde.  Det er eit ansvar vi får bære sjølv. Fram til nåden sin tidsalder er over.

Gud treng ikkje repetere det Han har gjort før. Som til dømes ordren til Josva om å drepe alle Kananittane.  Det er noko staten Israel ikkje har, ei heller ynskjer å repetere. Ei heller gjenfødde kristne. Etter at Jesus døde på krossen er tankar om at Gud stod bak massedrapene på Utøya reint antikristeleg tankespinn, og misbruk av Gud sitt namn.

Som forfattar av boka Den Rødgrønne Terrorøya dokumenterte eg at AP og AUF brukte Utøya til å støtte Israel sine Arabiske fiendar. I strid med både sunn fornuft og Bibelen. Eg påpeikte at den som støttar grupper som bruker vald og terror for å nå politiske mål, kan sjølv bli eit mål for menneske som bruker vald og terror. Det var nettopp dette som skjedde 22.juli.

Matteus 26:52.
Då sa Jesus til han: «Stikk sverdet ditt i slira! For alle som grip til sverd, skal falla for sverd”

Eg tar likefult avstand frå alle som meiner at Behring Breivik var eit verktøy nytta av Jesus. Noko eg også gav tydeleg utrykk for i boka. A hevde slikt er å gjere skam på Jesus Messias og evangeliet. Messias tok faktisk den straffa vi alle fortener. Både avdøde medlemar i AUF og dei som held fram med å kaste skit på deira ettermæle.

Ivar Fjeld
Goa, India.
Tidlegare AUF-leiar på Sotra
Forfattar av Den Rødgrønne Terrorøya.

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s